Visuelle Kunstfag

Er du glad i å teikne og male? Då er visuell kunst noko for deg! Billedkunst handlar om å bruke augo og dei andre sansane våre. Kva er det vi ser? Gjennom bilete og skulpturer kan vi fortellje kvarandre kva vi ser og opplever. Ullensvang kulturskules kurs inneheld teknikkar som teikning, maling, grafikk, støyping, modellering m.m. Målet er å utvikle evnen til å bruke sansane, stimulere lysta til å utforske ulike uttrykksmåtar og å gi mogelegheit for samarbeid med andre elevar. Me lagar utstillingar der alle elevane er representert.