ULLENSVANG KULTURSKULE

VEDTEKTER

  1. Ullensvang kulturskule er organisert som eigen tenestestad i Ullensvang kommune   med 3 administrative tilknytningspunkt: Jondal, Utne og Odda sentrum.
  1. Ullensvang kulturskule skal jobbe for å innfri dei overordna målsettingane og formåla gjennom:
    1. å vere eit kulturelt ressurssenter som legg grunnlaget for eit rikt og allsidig kulturliv i kommunen, og då med hovudvekt på følgande fagdisiplinar: 
    • musikk
    • kunst & handverk
    • teater/drama
    • dans
    1. b) å gi eit variert tilbod til innbyggjarane i kommunen utan aldersbegrensingar: 0 – 100    
    2. c) å ha ein dekningsgrad for 40% av grunnskuleelevane i kommunen.
    3. d) å ta vare på og bera vidare lokale kulturtradisjonar
    4. e) å utvikle samarbeidsprosjekt med: skular, barnehagar, andre kommunale institusjonar og frivillige organisasjonar. Prosjekta skal ivareta dei overordna målsettingane og kulturskulen sin integritet.
  1. For å nå desse målsettingane, skal:
    1. a) kulturskulen ha kompetanse på høgt nivå
    2. b) kulturskulen bygge drifta på vedtatte lokale planverk, samt til ei kvar tid vedtatte rammeplanar for kulturskulen.
    1. c) kulturskulen tilby tilpassa undervisningsformer basert på kvalitativt god tidsbruk
    2. d) kulturskulen i størst mogleg grad drive desentralisert undervisning, så langt det er praktisk, pedagogisk og økonomisk forsvarleg.
    1. e) kulturskulen ha ein ventelistegaranti på max. 1 år.  
    2. f) kulturskulen  tilby sal av tenester
    3. g) kulturskulen tilby tenester til eit moderat, fornuftig sats- og prisnivå som ikkje er til hinder for brei og god deltaking frå innbyggjarane.  Satsane blir vedtekne politisk.
  1. Ullensvang kulturskule si undervisning følger i hovudsak grunnskulen si skulerute, men har høve til å regulere oppstart- og avslutningsdato innanfor ei ramme på 36-38 skuleveker.
  1. Undervisningstidene blir vedtatt politisk, og er pr. dags dato  tilpassa innanfor følgande rammer:
    1. Individuell-smågruppeundervisning: 30/40/60 minutt
    2. Storgruppeundervisning: 60/90/120 minutt
  1.     Elevpengar og evt utstyrsleige/materialkostnader vert fastsett av kommunestyret i samband med handsaming av budsjettet.  Avgiftene blir betalte kvart semester.      Dersom ein elev vel å slutta midt i eit semester, er eleven likevel pliktig til å betala full semesteravgift. Ubetalte krav vil krevjast inn etter gjeldande retningslinjer for innkrevjing i Ullensvang kommune.  Manglande betaling kan føre til oppseiing av plass.

 

  1.     Administrasjonen i kulturskulen kan ta standpunkt til søknader om heilt eller delvis fritak for semesteravgift.

 

  1. Ullensvang kulturskule skal ha eigne lokale som er høvelege for dei ulike aktivitetane.
    I dei tilfella undervisningslokala ikkje er kulturskulen sine eigne lokale, kultur-skulelærarane ha tilgang til fysiske arbeidsplassar og ordinært utstyr for å kunne ut-føre jobben på ein forsvarleg og kvalitativ god måte.
    Gjeldande reglement for bruk av lokale vil alltid ligge til grunn.  Ved desentralisert undervisning, vil kulturskulen kunne nytte andre lokale etter avtale.  Bruk av andrekommunale lokale/kommunalt utstyr skal vera gratis.
  1. Ullensvang kulturskule skal drifta etter til ei kvar tid gjeldande avtalar og reglement, samt utarbeide 
  • retningslinjer for elevopptak
  • stillingsinstruksar
  • elevreglement
  • lokale særavtalar
  • samarbeidsavtale for salg av instruksjon
  1. Ullensvang kulturskule skal ha eige FAU eller tilsvarande utval
     (sjå eige retningslinjer)
  1. Endringar i vedtektene kan berre gjerast av kommunestyret.