ULLENSVANG KULTURSKULE
SAMARBEIDSAVTALE OM SAL AV  DIREKSJON/INSTRUKSJON
20../20..

Avtalegrunnlag

………………………………...  inngår samarbeid med Ullensvang kulturskule
om kjøp av årstimar til direksjon/instruksjon.
Ullensvang kommune v/kulturskulen pliktar gjennom denne avtalen å stille dirigent/instruktør til den årstimeprisen som kommunestyret fastset, for tida kr. 5000,-/7000,-

Avtale - omfang
Avtalen omfattar ……... *årstimar og inkluderer timar til planlegging, øvingar, konsertar m.m.  Delar av bunden tid står til disposisjon for arbeidsgjevar. 
Totalt ……...arbeidstimar av årsverket.

Timar til utøvande del (undervisning/seminar)     ……… t
Timar til adm. del:     ……… t
Stipilert timeforbruk ordinære øvingar …. t
Stipulert timeforbruk seminar  …. t
Stipulert timeforbruk konsertar/arrangement …. t
Stipulert timeforbruk møteverksemd  …. t
Stipulert timeforbruk planlegging/førebuing …. t
Til fri bruk for dirigent/instruktør  …. t
Timar til disposisjon for arbeidsgjevar: ………. t
NB!
Dirigent-/instruktørkostnader som går ut over dei timeressursane som er omfatta av denne avtalen, må laget dekka sjølv.
Undervisninga følger skuleåret om ikkje anna er avtalt skriftleg og godkjend av alle partar i god tid på førehand.
Arbeidsgjevaransvar
Ullensvang kommune  v/kulturskulen har arbeidsgjevaransvar for den samla stillinga.       Gjeldande kommunale avtalar ligg til grunn for tilsettingsforholdet.Det blir utarbeidd arbeidsinstruks for stillinga.  Arbeidet kan til tider medføre ubekvem arbeidstid, regulert jf. Arbeidsmiljølova. 

Avtalegrunnlag - pris
Prisen pr. årstime kan ikkje endrast i avtaleperioden.  Årstimeavgifta skal betalast etter rekning 1 gong pr. semester i like store delar.
Laget har rett til å sette fram krav om redusert årstimepris dersom ein meiner det er sakleg grunn for det. Slikt krav skal vere skriftleg og framsett innan 1. mai for å vera gyldig for det aktuelle skuleåret.  Avgjerd om reduksjon i årstimepris blir tatt administrativt i kulturskulen.

Tillegg, reisegodtgjersle m.m.
Kommunen v/verksemdsleiar er ansvarleg for avløning inkl. dekking av resieutgifter og tillegg for vanlege øvingar. Variable tillegg jf. vedtatt arbeidsplan skal også utbetalast av kommunen, men her etter innlevert og godkjent timeliste.  Tillegg som avviker frå godkjent arbeidsplan, må laget dekke sjølv  Reiser utover ordinære øvingar skal også dekkast av laget. Tillegg for uhøveleg arbeidstid justerast på årsbasis og utbetalast med same sum kvar månad.

Lengre reiser/turar:
Ved pliktige reiser for instruktør/dirigent ved konsertar o.l., skal laget dekke reise- og opphaldsutgifter .Avtale om løn for turar / arrangement utover stillingsressurs skal avtalast skriftleg med laget sitt styre i god tid før turen  Viser for øvrig til arbeidsinstruksen.

Vikariat
Søknad om alle typar permisjonar må i god tid sendast til kulturskulen. Ved korte permisjonar må instruktøren sjølv ordna med kvalifisert vikar. Ved permisjonar eller lengre sjukefråvær vil kulturskulen så langt det er mogleg vera til hjelp med å skaffa vikar. Om ein ikkje kan skaffa vikar, kan kjøpar i avtalen kreva avkorting i refusjonsbeløpet.

Endringar i avtalen
Dersom kommunen må seie opp inngått avtale p.g.a. reduksjon i økonomiske rammer, flytting, sjukdom -- eller liknande årsakar som ein ikkje kan forutse før avtalen blir inngått, kan kommunen seie seg fri frå avtalen. 
Begge partane  har ein gjensidig oppseiingsfrist av avtalen på 3 månader.
Ved avtalefesta permisjonar, verneplikt, repetisjonsøvingar m.m., må kulturskulen så langt som mogleg prøve og skaffe vikar.
Dersom ein ønsker kontrakten endra eller oppsagt, må dette meldast innan 1. april i kontraktsåret til Ullensvang kulturskule. Dersom kulturskulen ikkje mottar melding frå laget, går ein ut ifrå at kontrakten held fram utan endring.


Diverse underskriftar
……………

…………………..