ULLENSVANG KULTURSKULE
RETNINGSLINJER FOR OPPTAK AV ELEVAR
- Ullensvang kulturskule er eit frivillig kulturopplæringsenter for alle innbyggarane i kommunen. Kommunen kan gje tilbod til innbyggarar frå andre kommunar dersom særlege tilhøve seier det.
- Opptak av elevar skjer etter innstilling frå skulen sin administrasjon.
- For seint innkomne søknader vert ikkje handsama ved første opptak
- Søkarar som har stått på venteliste får behalda ansienniteten sin ved nytt opptak
- I enkelte tilfelle vil også søkarar frå andre disiplinar si venteliste få behalda ansienniteten ved byte av disiplin.
- Søkarar med tidlegare elevstatus t.d. ved musikkbarnehage/førebuande undervising kan verta prioriterte ved opptak.
- Står søkarane elles likt, skal alder ligga til grunn for vurdering
- Tilflyttande elevar som har hatt undervisning i andre kommunar vert prioriterte.
- Står søkarane likt etter at alle prioriteringar er gjort, vert det loddtrekning
- Det er høve til å søka opptak på særlege vilkår. Dette vert vurdert administrativt i kulturskulen.
- Dersom ein søkar vert tildelt plass etter ordinært opptak, men av ulike grunnar ikkje ønsker å nytta plassen kan han likevel stå på venteliste til eit seinare høve
- Annonsering av elevopptak skal kunngjerast på ein tilfredstillande måte. Elevpengesatsar og fristar for påmelding skal framgå ved utlysinga. Påmelding, og likeeins utmelding, skal vera skriftleg
- Ein elev har høve til å søka permisjon. Dette kan berre innvilgast ut det skuleåret det blir søkt for. Utover dette vert eleven handsama som ny søkar. Administrasjonen i kulturskulen handsamer permisjonsøknader
- Elevpengar og evt utstyrsleige/materialkostnader vert fastsett av kommunestyret i samband med handsaming av budsjettet. Avgiftene blir betalte kvart semester. Dersom ein elev vel å slutta midt i eit semester, er eleven likevel pliktig til å betala full semesteravgift.
- Administrasjonen i kulturskulen kan ta standpunkt til søknader om heilt eller delvis fritak for semesteravgift.