Påmelding

For å melde deg eller dine born på til våre tilbod, må ein gå inn på SpeedAdmin, og opprette ein brukar der.
Der vil du få opp dei ulike aktivitetane me kan tilby.
Påmelding tar me imot heile året, men med eit hovudopptak på våren.

Avmelding

For å melde deg av, kan du også gå via SpeedAdmin og følge oppskrifta der.
Avmelding skal uansett meldast skriftleg til kulturskulen. Du kan sende e-post til kulturskulen@ullensvang.kommune.no
Avmeldingsfrist for vårsemesteret er 1. desember; haustsemesteret 1. mai.
Ved avmelding etter fristen, må du betale semesteravgift.