ULLENSVANG KULTURSKULE

MÅLSETTING OG FORMÅL

Norske kulturskular har musikk, dans, teater/drama, visuell kunst og skapande skriving som sine primære fag.

Sitat nasjonal rammeplan for kulturskulen ;
« Kulturskolen skal bidra til barn og unges danning, fremme respekt for andres kulturelle
tilhørighet, bevisstgjøre egen identitet, bli kritisk reflekterende og utvikle egen
livskompetanse.
Kulturskolen skal gi opplæring av høy faglig og pedagogisk kvalitet til alle barn og unge som
ønsker det.
Formålet med opplæringa er å lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstneriske
uttrykk. Kulturskolen er den sentrale grunnutdanningen i den sammenhengende
utdanningslinjen som kan kvalifisere elever til opptak i høyere kunstfaglig utdanning for
elever med særlig interesse og motivasjon.
Alle elever i kulturskolen skal få undervisning som er tilpasset deres interesse og
forutsetninger. Kulturskolen skal også være et lokalt ressurssenter, et omdreiningspunkt for
skole- og kulturlivet i den enkelte kommune. Nasjonalt er den en del av en landsomfattende
kulturell infrastruktur som bidrar til å løfte fram kunst og kultur som bærende elementer i
samfunnsutviklingen.»

I kulturskolerådet sin rammeplan kapittel 1.4 er det lista opp generelle målsettingar for
kulturskulen. Med dei spesielle forutsetningane Ullensvang kommune har, er det ønskeleg atei utarbeiding av formål blir spesielt tilpassa for verksemda i vår kommune. Ein slik adapsjonfølger derfor nedanfor. Denne er eit resultat av å ha samanlikna dei tre kulturskulane sine planar.

A. Overordna målsetting

Ullensvang kulturskule skal ;

  1. Vera Ullensvang kommune si dedikerte verksemd for kunstfagleg opplæring av alle
    innbyggarane frå 0 – 100 år, og vera kommunen sitt ressurssenter på opplæringinnan kulturelle og kunstnariske uttrykk. Dette inkluderer opplæring på mange nivå – frå småbarnspedagogikk til å førebu elevar til høgare utdanning.
  1. vera eit tilbod til alle innbyggjarane i kommunen, uansett etnisk opphav, religiøs
    overtyding, helsesituasjon eller økonomi.
    3. vera ein skule som skapar leikande, utforskande, glade, trygge og kompetente barn, unge og vaksne.
  1. bringa vidare den norske og europeiske kulturarven til nye generasjonar, samtidig som nye impulsar og andre nasjonar sine kulturutrykk inkluderast på ein likeverdig måte.
  1. ha nasjonale ambisjonar for utviklingsarbeid.
  2. Innhald i undervisninga

    Ullensvang kulturskule skal gje innbyggarane ;
    1. kvalitetsundervisning og optimale utviklingsmoglegheitar i eit skapande og kreativt
    miljø ut ifrå elevane sine interesser og forutsetningar.
    2. møteplassar som legg til rette for aktivitet i og utanom undervisningstimane.
    3. reiskap slik at dei utviklar kritisk og kvalitativ sans.
    4. glede, kjensle av å meistra og få elevane nyfikne gjennom kunst- og kulturfagleg
    opplæring.
    5. ferdigheitar slik at dei i framtida kan gje solide kunstnariske bidrag til Ullensvang sitt fritidskulturliv.
    6. auka sosial kompetanse gjennom å prioritera kunstnarisk arbeid og oppleving som oppstår i fellesskap med andre
    7. undervisningsmål som samsvarar med dei lokale læreplanane

C. Talent / fordjuping

Ullensvang kulturskule skal:
1. Legga til rette og rettleia eldre og modne elevar som vil vidareutvikla sine
kunstnariske ferdigheitar, slik at dei finn sitt personlege uttrykk.

2. Legga det naudsynte grunnlaget og kunne førebu elevar som yter tilstrekkeleg innsats og ønsker å studere kunstfag på vidaregåande eller høgskulenivå.

3. Rekruttera elevar til å verta framtidige utøvarar

4.  Utfordra og motivera elevar både som utøvar og publikum, slik at dei får glede av aktiviteten sin gjennom heile livet

D. Kvalitet


Ullensvang kulturskule skal:
1. ha høg kvalitet på undervisninga heilt frå fyrste time- òg for dei aller yngste.
2. nytta seg av forskingsbasert praksis som eit fundament i utvikling og vidareutvikling av undervisninga.
3. skapa forestillingar og utstillingar av høg kvalitet- både som del av si pedagogiske verksemd og som attraktive publikumsproduksjonar.
4. legge til grunn nasjonal rammeplan utgitt av Norsk kulturskuleråd som inspirasjon og fagleg og strukturelt arbeidsverktøy der det er relevant.

E. Ressurssenter


Ullensvang kulturskule skal:
1 gjennom tiltak i SFO og/eller den obligatoriske grunnopplæringa bidra til at
grunnskulen sine elevar i større grad meistrar Kunnskapsløftet sine kompetansemål innanfor kunstfaga, og også inspirera elevar til å fordjupa seg i desse faga.
2 Gjennom rettleiing og undervisningstiltak bidra til at barnehage, grunnskule, institusjonar, fritidskulturliv, det profesjonelle kulturlivet og andre kulturelle aktørar i Ullensvang kan få oppfylt sine ambisjonar innafor kulturskulen sine fagområde.